søndag 17. oktober 2010

KJOLAR

  Svigerinna mi ville ha ein kjole som ingen andre hadde maken til. 
Ein føler seg ekstra spesiell og fin då!
 Ho ynskte seg ein sprek kjole som ikkje var for fin for ein kvardag;
den skulle vera litt røff, litt artig og behageleg på.

Kjolen er sydd i mørk brun lin/viskose med armar og halsringning i
lys turkis bomullsjersey, lomme i lys turkis lin.



Men so ville ho ha ein til! 

Det varmar eit syhjarta :) 
Kjolen skulle vera litt "finare" enn den forrige, i same modell men med v-hals. 
Her hadde eg litt meir "kunstnerisk friheit", og fruen visste ikkje korleis kjolen såg ut før ho fekk den levert ;)
Den vart sydd i beige lin/viskose, med armar i "blonde-stoff" frå ein kjole kjøpt på Fretex. 
Kjolen er pynta med mørk brunt fløyelsband og lys turkis silkechiffon 
som har rå kant og er frynsa litt.
Blomedetalj frå blondestoffet er brukt som pynt nede.


Har du lyst på ein kjole, kanskje?



 

2 kommentarer:

  1. Kor flotte dei vart Siri!! Sat som skot på L! Flotte detaljer!
    Kjole - ja takk! <3
    kari anne

    SvarSlett
  2. Hei Siri! Så flink du er!! Lekre kjoler altså! Kom deg inn på Networked blogs på Facebook, så får du reklamert for de flotte kreasjonene dine:-)

    SvarSlett