torsdag 4. oktober 2012

Ull!


I fjor haust sydde eg nokre huer av ulljersey. Mjuk, elastisk og deilig varm jersey av
 80 % ull og 20 % viskose. Eg laga eit par modellar som eg tok bestilling på,
og på messe i helgi hadde eg desse modellane med meg.
Det førte til 7 bestillingar, so no har eg klypt, trykt, fiksert og sydd huer som skal
 sendast til nye hovud rundt omkring :)
 
Ulljersey har eg i desse fargane: svart, raud, lilla, petrol og brun.
Trykk: blomar eller snøkrystallar.
 

 
Raud og petrol, alle i vaksen str.
kr. 350,-
 
Desse er som sagt bestillt, men eg lagar gjerne fleire :)
 
 
Det er Fruktbare dagar på Leikanger i helgi, og på laurdag er eg på plass der frå 10 til 15.
 
Sjå program:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar