onsdag 30. september 2015

NETTBUTIKK!

Då er nettbutikken klar! Berre å klikka seg inn til høgre på sida her, på den blå teksten eller på bileta. Då kjem du rett inn i min Epla-butikk og finn alle ferdigsydde huer som er på lager. Rett og slett fantastisk! Eg legg ut huer og panneband der etterkvart som eg får sydd.

Eg har framleis mykje stoff på lager som eg ikkje har sydd av endå, alle desse finn du bilete av under her på bloggen. Send meg ein epost eller ta kontakt igjennom Epla-butikken dersom du har ynskjer, eg syr på bestilling. I tillegg er det stoff det kanskje manglar huer av i ein storleik, ta kontakt so er det mogeleg å fylla på med den storleiken du treng.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar